I desember held vi ope som normalt til og med 23. desember.
24. og 25. desember held vi stengt.
Nyttårsaftan, 31. desember held vi stengt.
Bestilling
Om ein ikkje reserverer via vår online bestillingsløysing, blir reservasjonen rekna som drop-in.
Prisen gjeld alltid uavhengig av alder på spelar, og sjølv om ein ved førehandsreservasjon hadde hatt rett på trinnpris vil ein ikkje få det på drop-in. Ved drop-in må ein betale for leige av sko i tillegg til prisen for spel.
Reservasjon må innehalde fullt namn på bestillar for å være gyldig. Bestillingsinformasjonen må inkludere telefonnummer eller e-post for enkel kommunikasjon ved endringer. Mangelfull reservasjonsførespurnad kan avvisast.
Det kan maks. reserverast for 6 personar per bane, reservasjonar med fleire spelarar enn dette fordelast normalt på fleire baner.
Kansellering av bestilt bowlingbane kan kun skje via den eksterne reservasjonsaktøren innan fristen på 12 timar. Ein kan ikkje endre eller kansellere reservasjonar via telefon eller e-post. Forsinka eller manglande oppmøte må betalast etter gjeldande vilkår, sjå bowlinghallen sine kjøpsvilkår og bruksbetingelsar.
For bursdagsfeiring for born er prisen kr. 150,- for èin bowlingserie, valgfri 0,3 l. drikke og oppdekking i selskapslokale. Denne prisen forutset at ein bestiller pizza til gjestane frå menyen. For bestilling av kombinert arrangement for grupper eller bowlingbursdag, ta kontakt med oss via telefon eller e-post. Gjer deg kjent med gjeldande prisar, og eventuelle vilkår for rabatt på førehand.
Reservasjon er bindande, og krever at ein oppgjer fullt namn og at ein godtek bowlinghallen sine kjøpsvilkår og bruksbetingelsar. Det er difor ikkje mulig å bestille bowling på telefon eller e-post.
Bestemmelser om aldersgrense
Born under 15 år kan ikkje opphalde seg i hallen utan oppsyn av ein vaksen, ansvarleg person. Hallpersonellet har høve til å bortvise born som ikkje er i følgje med ein vaksen.
Fredag og lørdag er det 18 års aldersgrense og legitimasjonsplikt i heile bowlinghallen frå kl. 20. Alle under 25 år framviser gyldig legitimasjon uoppmoda.
Ta kontakt med oss på telefon eller e-post for å avtale leige av bowlinghallen eller for spørsmål om arrangement med større grupper.
Alkoholservering
Det er aldri tillete med medbrakt alkohol, og hallpersonellet står fritt til å stengje alkoholserveringa utan førvarsel.
I hallen
Møt opp i god tid til reservasjonen din. Oppmøte seinare enn 10 minutt etter avtala tid reknast som manglande oppmøte, og ansvarleg bestiller må betale gebyr.
Ein oppheld seg i bowlinghallen, og nyttar aktivitetane i bowlinghallen, på eige ansvar. Ein er pliktig til å vise omsyn til dei øvrige kundane og å følgje anvisingar frå hallpersonellet.
Alle må nytte bowlingsko når dei bowlar, men det er ikkje lov å bruke desse utanfor speleområdet. Det er ikkje liv til å gå på sjølve bowlingbanene, eller å gå ut med bowlingsko.
Alle våre bowlingbaner, samt andre tekniske og mekaniske innretningar, er underlagt hyppig og rutinemessig vedlikehald og kontroll. Vi ber likevel om forståing for at det kan oppstå tekniske eller mekaniske avvik som kan påverke eller forseinke spelinga. Vi vil gjere vårt aller beste for å rette opp i eventuelle feil fortløpande, og takkar for forståinga for at det i enkelte tilfeller kan oppstå ventetid på inntil èin time. Ved ventetid utover éin time vil hallpersonellet tilby kompensasjon.
Merk at vi alltid bestreber å halde ventetida so kort som mulig, og at det ikkje er særskilt fruktbart å syte og klage.
Bowlinghallen er videoovervåka for å sikre tryggleik og overholding av reglane. Opptak vert handsama i samsvar med gjeldande personvernlovgiving og vert kun nytta til førebygging og oppfølging av uønskte hendingar.