Green Room er bowlinghallen sitt temarom; eit selskapslokale med to langbord som høver for inntil 28 gjestar totalt og som har ei permanent framsyning av reptilar, fisk og fuglar i bioaktive levemiljø. Det betyr at temperatur, luft- og vasskvalitet og belysning er regulert etter det enkelte dyret sitt naturlege behov, og at dei har eit biologisk, artstilpassa substrat.


Dyra i bowlinghallen er privateigde, og framsyninga vil syne fram ulike dyr avhengig av sesong.


Som besøkande har ein kun tilgang til Green Room om ein har reservert lokalet som møterom eller som selskapslokale i samband med pizzabowling eller bowlingbursdag. Vi kan tilby servering av pizza eller kebabrull, bowling, biljard og disko med lys- og røykeffekter for å komplettere arrangementet dykkar. Vi har eigne pakkeprisar for bowlingbursdag for born mellom 6 - 12 år.



Kontakt oss på telefon 484 44 084 for meir informasjon, eller for reservasjon av selskapslokalet





Vi takkar varmt for at det vert teke omsyn til trivnaden til dyra våre, og vi ber om forståing for at det ikkje er tilléte å dunke på glas, blinke med lys eller å lage unødig støy i lokalet. Ved mistanke om mistrivnad, stress eller sjukdom hjå reptila setjast det i verk umiddelbare tiltak. Dyra kan difor setjast i karantene eller flyttast til ein annan opphaldsplass ved behov. På bakgrunn av dette kan ikkje hallpersonellet garantere at alle dyra som ein forventer å kunne sjå er til stades i til stades i sine respektive levemiljø.


Besøkande kan ikke halde dyra, gje dei mat eller delta i mating eller stell.


Av omsyn til dyra og alle sin tryggleik gjerast dagleg stell alltid medan hallen er stengd for besøkande. Bersøkande, eller dei tilsette i bowlinghallen, kan av sikkerheitsmessige, hygieniske og dyrevelferdsmessige grunnar aldri handtere eller interaktere med reptila.






Telefonen besvarast onsdag - fredag 15 - 21. Laurdag til tysdag er telefonen ubetent.

unsplash