Førde Bowling

Prisar


Trinnpris gjeld kun for spelarar på bane som er reservert på førehand.


Om ein ikkje førehandsreserverer via vår online bestillingsløysing, blir reservasjonen rekna som drop-in, eller prisgruppe D). Prisen gjeld alltid uavhengig av alder på spelar, og sjølv om ein ved førehandsreservasjon hadde hatt rett på trinnpris vil ein ikkje få det på drop-in.



Ved drop-in må ein betale for leige av sko i tillegg til prisen for spel.



Ved førehandsreservasjon havnar ein i ei av tre prisgrupper:



Prisgruppe A


  • Vaksne (over 15 år)


Prisgruppe B


  • Born (under 15 år)
  • Studentar*
  • Elevar ved vgs.*
  • Lærlingar*


*) For rett til trinnpris må ein framvise gyldig bevis ved betaling


Prisgruppe C


  • Pensjonistar*
  • Kvalifiserte ledsagarar*
  • Vernepliktige*


*) For rett til trinnpris må ein framvise gyldig bevis ved betaling



For å få rett på prisgruppe B eller C ved førehandsreservasjon må ein kunne framvise gyldig legitimasjon, studentbevis, lærlingbevis (Vigo-app), honnørkort, vernepliktsbevis, følgjekort eller TL-kort, eller bevis på at ein på annan måte kvalifiserer til særskilt prisgruppe.



Spelarar som spelar på ei bane som er reservert av ein kunde med aktivt sesongpass fell automatisk under prisgruppe C, uavhengig av alder på spelar, og ein må ikkje framvise rabattbevis.



Pizzabowling


For bursdagsfeiring for born mellom 7 – 12 år er prisen kr. 125,- for èin bowlingserie, valgfri 0,3 l. drikke og oppdekking i selskapslokale. Denne prisen forutsett at ein bestiller pizza til gjestane frå menyen. 


Leige av selskapslokale utanom har eigne prisar avhengig av sesong. Kontakt oss for pristilbod.


Sesongpass


  • 3 mnd. kr. 2.000,- / 6 mnd. kr. 3.000,- / 12 mnd. kr. 5.000,-
  • Avtala er gyldig i 3, 6 eller 12 mnd. frå kjøpsdato
  • Leige av sko er inkludert i prisen

    Sesongpass kan nyttast innanfor ordinær opningstid.



Timeleigd bowlinghall


Timeleige av bowlinghallen gjeld for grupper med inntil 36 spelande, og gir deltakarane eksklusiv tilgang til alle bowlingbanene. Ein kan spele so mange seriar ein ønskjer innanfor den tida ein leiger hallen. Leige av sko er då inkludert i prisen. 


  • Utanom opningstid:
    kr. 2.500,- per time – alle dagar

  • I opningstida:
    kr. 3.000,- per time – alle dagar


Ved alkoholservering gjeld 18 års aldersgrense i heile hallen, òg i slutta selskap. Det er legitimasjonsplikt for alle gjester i skjenketida.


Ta kontakt med oss på telefon eller e-post for å avtale leige av bowlinghallen eller for spørsmål om arrangement med større grupper.


Pris- og rabattvilkår


  • Betaling skal skje med kort, kontant, gåvekort eller verdikort i samband med aktuell reservasjon dersom kreditt ikkje er førehandsgodkjent

  • Trinnprisar gjeld for kundar som har reservert bane på førehand, og som spelar i ordinær opningstid

  • Alle prisgrupper har pris per serie, per spelar, og er ikkje knytt til tidsbruk eller antal spelarar på bana

  • Bowling er unnateke meirverdiavgift

  • Maks. pris oppnåast etter 5 spelte seriar, og alle seriar spelt deretter, i same reservasjon, er kostnadsfri

  • Gruppepris ved 10 eller fleire spelarar (alle får prisgruppe B, dersom betalt samla)

  • Ein har kun rett på èin rabatt, og rabattar kan ikkje kombinerast med andre tilbod eller kampanjeprisar

  • Sesongkort kan nyttast innanfor ordinær opningstid eller etter avrale

  • Prisgruppe C gjeld i tillegg for vener av bowlinghallen, registrerte seriespelarar, og dei som spelar aleine

  • Leige av bowlingsko er for tida kr. 30,- inkl. mva.