Vilkåra gjeld for ordinær bowling, reservert på nett, e-post, telefon eller ved direkte oppmøte i bowlinghallen og gjeld frå 1. februar 2025.
1. Reservasjon
1.1 Reservasjon må innehalde fullt namn på bestillar for å være gyldig. Bestillingsinformasjonen må inkludere telefonnummer eller e-post for enkel kommunikasjon ved endringer. Mangelfull reservasjonsførespurnad kan avvisast.
1.2 Born under 15 år kan ikkje opphalde seg i hallen utan oppsyn av ein vaksen, ansvarleg person. Hallpersonellet har høve til å bortvise born som ikkje er i følgje med ein vaksen.
1.3 Det kan maks. reserverast for 6 personar per bane, reservasjonar med fleire spelarar enn dette fordelast normalt på fleire baner.
1.4 Hallpersonellet står fritt til å fordele spelarar etter kapasitet og behov. Dette for å sikre ei best mulig oppleving for alle.
1.5 Reservasjonar kan kun endrast eller kansellerast innan fristen på 12 timar, og kan ikkje endrast per telefon.
2. Oppmøte
2.1 Gebyr for manglande oppmøte ved ordinær reservasjon belastast ansvarleg bestillar med kr. 500,-. Det same gjeld oppmøte utan å spele. Klage på feilaktig utstedt gebyr kan rettast på e-post til hei@pizzabowling.no
2.2 Oppmøte seinare enn 10 minutt etter avtala tid reknast som manglande oppmøte.
2.3 Drop-in er ikkje rabattberettiga, og ein kan begrensast til å spele maks. 2 seriar dersom kapasitetsmessige omsyn krevjer det i perioder med stor pågang.
2.4 Det er ikkje tillate å nyte medbrakt mat eller drikke i aktivitetshallen.
3. Bestemmelsar for helg og kveld
3.1 Fredag og laurdag frå kl. 20:00 er det 18 års aldersgrense i heile aktivitetshallen, og alle under 25 år må uoppmoda framvise legitimasjon.
3.2 Hallpersonellet står fritt til å stengje alkoholserveringa utan førvarsel.
3.3 Det er aldri tillete med medbrakt alkohol.
4. Vedlikehald og drift
4.1 Alle våre bowlingbaner, samt andre tekniske og mekaniske innretningar, er underlagt hyppig og rutinemessig vedlikehald og kontroll. Vi bed likevel om forståing for at det kan oppstå tekniske eller mekaniske avvik som kan påverke eller forseinke spelinga. Vi vil gjere vårt aller beste for å rette opp i eventuelle feil fortløpande, og takkar for forståinga for at det i enkelte tilfeller kan oppstå ventetid på inntil ein time. Ved ventetid utover éin time vil hallpersonellet tilby kompensasjon. Merk at vi alltid bestreber å halde ventetida so kort som mulig, og at det ikkje er særskilt fruktbart å syte og klage.
5. Betaling og erstatning
5.1 Det er ansvarleg bestillar som må sørge for betaling.
5.2 Det innvilgast ikkje kreditt til privatpersonar.
5.3 Alle varer og tenester forfell til betaling same dag om ikkje driftsleiar har førehandsgodkjent kreditt.
5.4 Ved fakturering kan det tilkome eit faktureringsgebyr.
5.5 Om ein forlet bowlinghallen utan å betale for mottekne varer og tjenester vert ein politimeldt.
5.6 Øydelagt utstyr eller inventar må erstattast av ansvarleg bestillar.
5.7 Herverk og øydeleggelsar politimeldast.
5.8 Det er ikkje tillete å gå på bowlingbanene. Om ein utløyser behov for vask og oljing må ein betale eit gebyr på kr. 500,- per bane.
6. Ansvar
6.1 Ein oppheld seg i bowlinghallen, og nyttar aktivitetane i bowlinghallen, på eige ansvar.
6.2 Ein er pliktig til å vise omsyn til dei øvrige kundane og til hallpersonellet.
6.3 Ein er pliktig til å følgje anvisingar frå hallpersonellet.
6.4 Bowlinghallen har ikkje ansvar for kundane sine private eigedelar, herunder vesker, briller, kle eller sko.
Alle prisar er oppgitt eks. mva.
Onsdag - torsdag
15 - 20 (22)
Fredag - laurdag
15 - 00 (03)
Sundag
15 - 20 (22)