Bursdag i bowlinghallen

Bursdag i Bowlinghallen


Er du på jakt etter ei kjekk og annleis bursdagsfeiring for borna?


Vi tilbyr det perfekte bursdagstilbodet i bowlinghallen – ein spanande og sosial aktivitet som gir både mat og moro for både store og små!

Kven passar det for?


Bursdagsfeiringa er spesielt tilpassa for born frå sju til 12 år. Arrangementet varer i om lag 2 timar.


Kva inngår?


  • Bowling: Alle deltakarane får ei kjekk bowlingoppleving med 10 kjeglefall. Systemet er enkelt å følge, og borna får automatisk ein ekstra sjanse dersom dei ikkje treffer alle kjeglene første gongen. Det er moglet å setje opp gjerde på sidene.
  • Drikke: Vel valfri 0,33 l. drikke frå kundemottaket vårt.
  • Selskapslokale: Tilgang til eit hyggeleg og oppdekt selskapslokale der de kan kose dykk med mat og drikke. Personalet vårt tar seg av både oppdekking og opprydding, så du kan slappe av og nyte feiringa med bursdagsgjestane.


Pizza


Pizza er ein viktig del av bursdagsopplevinga! Vi anbefalar 1 pizza per 4 born. Dei mest populære alternativene er skinke og pepperoni, men du kan finne fleire val på menyen vår. Prisane for pizza startar frå kr. 175,-, og denne må bestillast på førehand for å sikre at alt er klart til feiringa.


Bursdagsgjestane vel drikke når dei kjem, og blir deretter vist til det oppdekta selskapslokalet. Når pizzaen er servert, kan barna nyte maten medan vi førebur bowlingbanene. Når pizzaen er oppeten, er det klart for å ta på seg bowlingskoene og gjere seg klar til å spele!


Bowling


Alle får ein individuell tur på banen. Når namnet ditt vises på skjermen, er det din tur til å prøve å velte kjeglene. Når du er ferdig, går turen vidare til neste deltakar på lista, og maskinen set opp nye kjegler til neste spelar. Når alle deltakarane har spela, er serien over – og kanskje er det på tide å gå tilbake til selskapslokalet for ei hyggeleg avslutning?


Avslutning


Mange vel å servere bursdagskake og snacks etter bowlingrunden. Vi tillèt at du tek med bursdagskake og snacks i posar (eigen mat og drikke er ikkje tillate). I tillegg kan vi tilby kaffi til dei vaksne som er med på feiringa. Vi har alltid sjokoladeplatekake på lager om du ønskjer at vi ordnar med kake og.


Trygg og kjekk bursdagsfeiring


Sikkerheit er viktig for oss. Vi ber dei vaksne om å passe på at barna ikkje spring rundt med bowlingsko, og at dei held seg utanfor baneområdet. Vær også merksam på at vi har ei aldersgrense på 15 år for bruk av biljard, men AirHockey kan brukast under tilsyn av ein vaksen.


Matallergiar og spesielle behov


Vår pizza er allergenmerkt, og vi tar omsyn til eventuelle allergiar, intoleransar og religiøse eller kulturelle omsyn. Om nokon av gjestene har spesielle kostbehov, kan vi finne alternativ som passar.


Pris


  • 125,- per deltakar (inkluderer bowling, selskapslokale med oppdekking og valfri 0,33 l. drikke)
  • Pizza kjem i tillegg


Er du klar for å feire bursdagen med ei kjekk og minneverdig aktivitet? Bestill Pizzabowling i dag, og gi bursdagsbarnet og gjestene ei feiring dei sent vil gløyme!


Om du har spørsmål om pizzabowling, kontakt oss gjerne på telefon 484 44 084.